Dagleg leiar

Dagleg leiar i Lom idrettslag

Arbeidsgjevar: Lom idrettslag

Stillingstittel: Dagleg leiar

Frist: 2. april 2024

Tilsettingsform: Fast stilling

Lom idrettslag søkjer ny dagleg leiar frå hausten 2024. Rolla er den øvste administrative ansvarlege i idrettslaget. Stillinga er ei fast stilling. 

Lom idrettslag er ein dynamisk arbeidsplass med fokus på kjerneverdiar som inkludering, meistring, respekt og glede. Dagleg leiar arbeider overordna med leiing og økonomi, er ansvarleg for å sikre aktivitet i undergruppene og har i tillegg leiaransvar i fotballgruppa. Rolla er knytt til heile idrettslaget. Det blir forventa at dagleg leiar utviklar idrettslaget som heilheit vidare og i tillegg ha eit tett samarbeid med styrene i undergruppene. Idrettslaget har rundt 500 aktive medlemmar fordelt på forskjellige undergrupper.

Lom idrettslag og anlegga er stadig i vekst. Nytt klubbhus og fotball-, leike-, og fritidsområde i Grov er så godt som fullført, og spennande planer rundt eit alpinanlegg på Storhaugen er godt i gang. Stillinga som dagleg leiar i idrettslaget skal bidra til at barn og unge får stabile og gode moglegheiter for fritidsaktivitetar, både no og i framtida. Vi søkjer ein person som ynskjer å bidra til ei velorganisert og god fritid for barn i alle aldrar. Aktuelle kandidatar vil bli kontakta for intervju fortløpande.

Arbeidsoppgåver: 

  • Dagleg drift av idrettslaget 
  • Leiaransvar for fotballgruppa
  • Økonomistyring med budsjett- og resultatansvar 
  • Dialog med myndigheiter og idrettskrets, samt søknadar om tilskot.
  • Førebuing av styresaker i samarbeid med styrets leiar 
  • Følgje opp leverandør- og andre samarbeidsavtaler 
  • Redaktør for heimeside og sosiale media
  • Medlemsoppfølging- og service gjennom klubbens medlemssystem

Kvalifikasjonar og eigenskapar vi ynskjer

  • Høgare utdanning, eller relevant erfaring
  • Erfaring frå administrativt arbeid, organisering og leiing samt god økonomiforståing
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk 
  • Kjennskap til idrettsorganisasjonar generelt er ein fordel
  • Trenar eller idrettsfagleg bakgrunn tel positivt
  • Erfaring frå arbeid med barn og ungdom 
  • Gode IT-kunnskapar og evne til å lære seg nye system
  • Gode samarbeidsevner og leiareigenskapar
  • Sjølvstendig, strukturert og påliteleg
  • God til å bygge relasjonar og evne til å skape engasjement blant frivillige, styre og medlemmar
  • Proaktiv, initiativrik og løysingsorientert

Vi tilbyr:

  • Ei stilling med god moglegheit for å skape resultat og gjere ein forskjell for menneske og lokalmiljø
  • Ei sjølvstendig rolle i ein klubb der trivsel og godt miljø står høgt
  • Ei stilling med god moglegheit for fagleg og personleg utvikling
  • Ei stilling med stor fleksibilitet
  • Løn og oppstart etter avtale
  • Kontorlokale og gode fasilitetar i nytt klubbhus

Ta gjerne kontakt for en uforpliktande prat.

Kontaktperson: Andrè Sørhage

Telefon: 911 63 710