Lysløyperenn – skicross/fristil
Velkommen til lysløyperenn i kveld. I kveld blir det skicross og rennet starter kl. 18.30. Du kan melde deg på online eller i skihytta mellom kl 18:00 og 18:15. Siste påmelding er 18:15. Vi blir veldig glade om dere melder dere på online.
Til dette rennet blir det laga ei morosam skicrossløype som har same start og mål som vanleg. Det er forskjellig gjennomføring avhengig av klasse:
G/J 7 og yngre (0,5km): For dei yngste som går 0,5km, blir opplegget som vanleg med intervallstart og den vanlege 0,5km løypa. Det kan bli nokre ekstra kuler og hindringar løypa.
Trim utan tid: For trimmarar utan tid blir det same opplegg som elles med intervallstart før dei minste.
G/J 8,9,10 (1km): Dei som vanlegvis går 1km skal gå «skicrossløypa» ein gong. Skicrossløypa er 0,5km med øvre delen av 8-talet og vanleg start/mål. Det blir individuell start for alle.
G/J 11,12 (2km): Dei som vanlegvis går 2km skal gå «skicrossløypa» to gonger . Skicrossløypa er 0,5km med øvre delen av 8-talet og vanleg start/mål. Individuell start.
G/J 13+ (3km +) og Trim med tid: Dei som vanlegvis går 3km og lenger (inklusiv trim m/tid) skal gå «skicrossløypa tre gonger. Skicrossløypa er 0,5km med øvre delen av 8-talet og vanleg start/mål. Individuell start.
Dette rennet inngår i Telenorkarusellen.
LYSLØYPERENN #8 | ||
03.03 | Hovudansvarleg: | Lars Kristian Sperstad |
Startar: | Espen Aurmo, Amund Mundhjeld | |
Tidtaking: | Lars Kristian Sperstad, Bente Kvamme, Peder Sperstad | |
Ta inn vestar/premie: | Ann Kristin Vangberg, Stian Teigen | |
Sekretariat: | Peder Sperstad, Bente Kvamme | |
Kiosk: | Gunn Teigum, Tone Vole, Liv Grasdalsmoen |