Lysløyperenn Stafett (Telenor)

9. feb 2016
18:30 - 20:30
  • Dei yngste (1. klasse og yngre) går den vanlege runda si, og det blir ein slags intervallstart der to og to startar saman.
  • Dei andere går stafett, der det er 2 på kvart lag. Vi i styret set saman stafettlaga, og vil prøve å få til rettferdige lag. Deltakarane vil i utgangspunktet få ein makker som vanlegvis går same distanse, slik at f.eks ein 5. klassing kan kome på lag med ein 6. klassing, for begge går vanlegvis 2 km.
    På stafetten vil vi bruke same løypa som under skicross, men utan hinder. Dei som vanlegvis går 1 km vil få 2 etappar kvar, medan dei som går 2 km får to etappar. Og dei som vanlegvis går 3 km får 3 etappar. Denne løypa har start og mål som vanleg, og fylgjer 0,5 km trasèen med en sving oppom øvre åttetal.

NB! På planen er det kryss for både klassisk og fristil, men rennet går i fristil – dvs ein kan gå klassisk om ein vil.

Ein må rekne med at det går litt ekstra tid før startnummerutdeling på grunn av laginndeling.

Dette rennet inngår i Telenorkarusellen, og det blir premie frå Telenor for dei som ikkje har fått så langt. Premien blir utdelt ved påmelding.

Lysløyperenn har påmelding 18:00 – 18:15 i skihytta.
Kuldegrensa er -15C. Eventuell avlysing vil skje innan kl 14.00 same dag. Startkontingent er kr. 20,- pr. deltakar. Alle som startar må vere medlemmar i Lom IL. Medlemmar frå Garmo IL, Bøverdalen IL og Skjåk IL er også inviterte til å delta.

Vel møtt til ein triveleg kveld ved Skihytta! Vi håper flest mogleg tek turen og blir med på eit uhøgtidleg stafettrenn!