Lysløyperenn – Fristil skicross (Telenor)

4. feb 2020
18:00 - 20:00

Velkommen til lysløyperenn i kveld. I kveld blir det skicross og rennet starter kl. 18.30. Du kan melde deg på online eller i skihytta mellom kl 18:00  og 18:15. siste påmelding 18:15.

Til dette rennet blir det laga ei morosam skicrossløype som har same start og mål som vanleg. Det er forskjellig gjennomføring avhengig av klasse:

G/J 7 og yngre (0,5km): For dei yngste som går 0,5km, blir opplegget som vanleg med intervallstart og den vanlege 0,5km løypa, men over kulene og i mål som vanleg.

Trim utan tid: For trimmarar utan tid blir det same opplegg som elles med intervallstart før dei minste.

G/J 8,9,10 (1km): Dei som vanlegvis går 1km skal gå «skicrossløypa» ein gong. Skicrossløypa er 0,5km og godt merka trase på jordet, vanleg start/mål. Intervallstart.

G/J 11,12 (2km): Dei som vanlegvis går 2km skal gå «skicrossløypa» to gonger. Dei går intervallstart, men går to runder, så her blir det passeringar. Skicrossløypa er 0,5km med kuler og godt merka trase på jordet og vanleg start/mål. Det blir intervallstart også for denne pulja,

G/J 13+ (3km +) og Trim med tid:  Denne gruppa skal gå «skicrossløypa tre gonger (heat). Skicrossløypa er 0,5km og godt merka trase på jordet, vanleg start/mål. For desse blir det  fellesstart, og heat med to innleiande heat og finaleheat. sSdan det er heat, går ein crossløypa ein gong i kvart heat. Det blir litt pause mellom heata.

Dette rennet inngår i Telenorkarusellen. Dei som ikkje fekk Telenorkarusell premie førre gongen, får dette i dag. elles er det sjølvsagt sjokoladepremie til alle.

Online påmelding her

LYSLØYPERENN #5
04.02 Hovudansvarleg: Lars Kristian Sperstad
Startar: Andre Sørhage, Øyvind Angard
Tidtaking: Amund Mundhjeld, Trond Teigen, Lars Kristian Sperstad
Ta inn vestar/premie: Tone Vole, Ingunn Moen Helland
Sekretariat: Amund Mundhjeld, Annette Hellekveen
Kiosk: Ann-Helen Skaansar, Elisabeth Odden, Liv Grasdalsmoen