Lysløyperenn i Lia – Fristil skicross (Telenor)
Til dette rennet blir det laga ei morosam skicrossløype som har same start og mål som vanleg.
Det er forskjellig gjennomføring avhengig av klasse:
G/J 7 og yngre (0,5km): For dei yngste som går 0,5km, blir opplegget som vanleg med intervallstart og den vanlege 0,5km løypa. Det kan bli nokre ekstra kuler og hindringar løypa.
Trim utan tid: For trimmarar utan tid blir det same opplegg som elles med intervallstart før dei minste.
G/J 8,9,10 (1km): Dei som vanlegvis går 1km skal gå «skicrossløypa» ein gong. Skicrossløypa er 0,5km med øvre delen av 8-talet og vanleg start/mål. Det blir fellesstart i heat som ikkje nødvendigvis følger vanleg klasseinndeling.
G/J 11,12 (2km): Dei som vanlegvis går 2km skal gå «skicrossløypa» to gonger (heat). Det blir pause mellom dei to heata. Skicrossløypa er 0,5km med øvre delen av 8-talet og vanleg start/mål. Det blir fellesstart i små heat som ikkje nødvendigvis følger vanleg klasseinndeling.
G/J 13+ (3km +) og Trim med tid: Dei som vanlegvis går 3km og lenger (inklusiv trim m/tid) skal gå «skicrossløypa tre gonger (heat). Skicrossløypa er 0,5km med øvre delen av 8-talet og vanleg start/mål. For desse blir det to innleiande heat og finaleheat.
NB! Det blir ikkje tidtaking på dette rennet.
Dette rennet inngår i Telenorkarusellen.
Informasjon og påmelding: klikk her