SØNDAG. Lysløyperenn i Lia – skicross

7. feb 2021
12:00 - 14:30

Velkommen til ein trivelig søndag i Lia!

Vi gjer eit forsøk med skirenn på søndag for å unngå kulda. Det er spådd -12 og strålande sol i Lia på søndag.  Det blir skicross (som skulle vore stilarten tysdag 2.2).

Påmelding online i år, med moglegheit for NØD-påmelding i Lia (sekretariatet er flytta fra kontoret til vinduet ut mot skileikområdet. Dei som av ein eller annan grunn ikkje får meldt på online, kan gjere dette gjennom vinduet fra 12.00 til 12.15.

Utdeling startnummer fra kl. 12.30.

Rennstart 13:00.

Skicross-renn.Telenorkarusellen. Det blir dessverre ikke fellesstart og heat som tidligere år. Det blir kun individuell start. Dette på grunn av smittevernreglene.

LYSLØYPERENN  søndag 
07.02 Hovudansvarleg: Bente S. Kvamme
Startar: Lars Kristian Sperstad + person
Tidtaking: Peder Sperstad, Bente S. Kvamme, Amund Mundhjeld
Ta inn vestar/premie: Nina Skjedsvoll, Arne Kvamme, Marianne Dagsgard
Sekretariat og registrering: Amund Mundhjeld,  Bente Kvamme
Kiosk: Anne Merete Vole, Wenche Brimi + 1 person