Lysløyperenn Fristil skicross (Telenor)

2. feb 2016
18:30 - 20:30

I kveld er det nytt lysløyperenn, og i kveld er det fristil skicross på programmet.

Vi tenkjer å gjennomføre dette slik:

  • Dei yngste (1. klasse og yngre) går den vanlege runda si, og det blir ein slags intervallstart der to og to startar saman.
  • Dei andre går ei skicross-løype, som er rundt 700 meter lang. Denne runda har start og mål som vanleg, men det er nokre veldig enkle «hinder» på vegen. Deltakarane blir inndelt i grupper på 4-5 (heat), som startar saman. Alle får gå minst to heat, og dei som vanlegvis går 3 km får gå tre heat.
    Rett etter startnummerutdeling, kan alle som skal gå skicross bli med på ei roleg prøverunde for å bli kjent med løypa. Det blir ikkje laga resultatlister vanleg måte denne gongen.

Dette rennet inngår i Telenorkarusellen, og det blir premie frå Telenor for dei som ikkje fekk sist. Premien blir utdelt ved påmelding.

Vel møtt til ein triveleg kveld ved Skihytta!

Lysløyperenn har påmelding 18:00 – 18:15 i skihytta. Startkontingent er kr. 20,- pr. deltakar. Alle som startar må vere medlemmar i Lom IL. Medlemmar frå Garmo IL, Bøverdalen IL og Skjåk IL er også inviterte til å delta.