Lysløyperenn klassisk BOTN

7. feb 2017
18:30 - 20:30
Sted: Botn

Vi ynskjer velkomne til nytt lysløyperenn!

NB! Rennet går i Botn i Skjåk.

Same tidspunkt som vanleg, men ein må rekne ein halvtime ekstra kjøring frå Bergom i forhold til Lia.

Det blir ikkje Telenorkarusell denne gongen heller, men klassisk intervallstart.

Lysløyperennet har online påmelding før 18:15 eller 18:00 – 18:15 i bua oppe på stadion.
Eventuell avlysing vil skje innan kl 14.00 same dag. Startkontingent er kr. 30,- pr. deltakar. Medlemmar frå Garmo IL, Bøverdalen IL og Skjåk IL er også inviterte til å delta.

For dei som ikkje har vore i Botn før: Køyr RV15 retning Strynefjellet, og sving av til venstre rett før Pollfoss gjestehus (siste avkøyringa før Pollfoss, skilt til «Skjåk aktivitetspark»). Over brua, innover skogen og hald til høgre heilt til du omsider kjem til parkerinsplassen ved stadion. Sjå elles kartet, der parkeringsplassen som er avmerka (zoom inn)!

Det blir redusert kiosksal og kaffe på svartkjele! Medbrakt er tillate 😉

Det er eit flott skianlegg i Botn med bra snøforhold. Klikk her for webkamera