Klubbmeisterskap Fristil BOTN
Klubbmeisterskap for Lom IL skigruppa i BOTN
Klubbmeisterskapet går som planlagt 19.2, men blir flytta til Botn i Skjåk på grunn av manglande føre i Lia og Lom.
Rennet går i fristil med start kl 13:00, og det er intervallstart med 30 sekund mellom kvar.
Påmelding på nett: klikk her. Påmeldingsfristen er 12:30. Det er òg mogleg å melde seg på i bua oppe på stadion. Premiering rett etter rennet.
Medlemmar frå Garmo IL, Bøverdalen IL og Skjåk IL er også inviterte til å melde seg på rennet. Premie til alle, men klubbmeisteren blir naturlegvis kåra blant medlemmar i Lom IL.
For dei som ikkje har vore i Botn før: Køyr RV15 retning Strynefjellet, og sving av til venstre rett i siste avkøyring før Pollfoss gjestehus (skilt til «Skjåk aktivitetspark»). Over brua, innover skogen og hald til høgre heilt til du omsider kjem til parkerinsplassen ved stadion. Sjå elles kartet, der parkeringsplassen som er avmerka (zoom inn)!
Det blir enkelt kiosksal og kaffe frå svartkjele. NB! Vi kjem til å fyre opp grillen og oppmodar alle om å ta med pløser eller anna grillmat.
Det er eit flott skianlegg i Botn med bra snøforhold. Klikk her for webkamera
Vi ynskjer alle velkomne til triveleg skidag i Botn!