Grannekarusellrenn: Stafett (sprint/klassisk) Heidalskogen

24. feb 2016
18:30 - 20:00

Det blir same opplegg som i fjor med sprintstafett i klassisk stil og med to på kvart lag. Dei som har lyst til å delta på dette arrangementet, må melde seg på med ein SMS til Svein (90799665) seinast tysdag 23.2 kl 18:00. Det blir minibuss frå Lom.

Klasser.

  • 8-10 år guter og/eller jenter.
  • Gutar 11-12
  • Jenter 11-12
  • Gutar 13-14 år
  • Jenter 13-14 år
  • Gutar 15 år og eldre
  • Jenter 15 år og eldre

Lag med båe kjønn, som er eldre enn 11 år, må gå i gutklassa.