Viktig informasjon frå valkomiteen i Lom IL.

Hei folkens. Oss strever med å få folk i nokre 2-års verv i idrettslaget og da særleg i fotballgruppa. Får vi ikkje fyllt opp styret i fotballgruppa blir tilbudet til ungane våre sterkt redusert. Det er ikkje berre å stille med trenarar og så går treningane, kampane og organisering rundt av seg sjøl. Vi treng friviljuge føresette i konkrete verv for å greie å gje ungane våre fotball-, langrenn- og andre idrettstilbod. Dette må gå på rundgang og alle har det travelt. Vi i valgkomiteen set pris på um du vurdera um det er din tur til å bidra ei 2-års periode denne gongen. Hugs ingen friviljuge – ingen idrettstilbod.