SKIGRUPPA

Kartet viser når trakkemaskina køyrde sist. Merk at scooter-prepping ikkje blir vist i dette kartet. Her er fargekodene:

loypekoder

Vil du støtte løypekøyringa?

Arbeidet blir utført på dugnad av frivillige, og vi nyttar trakkemaskin eller snøscooter til løypekøyringa. Ved å gje eit bidrag er du med og støtter driftsutgiftene til løypekøyringa.

Du kan betale til kontonummer 2085 07 22480 eller nytte Vipps. Beløpet bestemmer du sjølv.

For å betale med Vipps kan du søke opp «Lom IL – Skigruppa» eller skrive inn Vippsnummer 502189. Då kan du velgje «Løypeavgift årskort kr 300» eller «Løypeavgift valfritt beløp».
Vi set pris på alle bidrag!

Løypekøyring

Ljosløypa har hovudprioritet i høve til oppkjøring, og vi prøver så godt vi kan å ha nypreparerte løyper der. Traseane til Kvammen og Åslirunda vert køyrd stort sett mot helgane.

Ljoset i ljosløypa lyser til ca. 22.30 om kveldane.

Ljosløypa har følgjande distansar:

  • 1 km
  • 2 km
  • 3 km

Åslirunda:

Rundtur på ca. 8 km.
Åslirunda startar ved Skihytta. Kryss vegen og følg vegen eit par hundre meter oppover skogen til skiløypa byrjar. Følger Kvammsvegen oppover ca 2 km. Tek så av til venstre og følgjer «Øvre Stikkveg» i flatare terreng til Gapahuken. Vidare nedover Åslivegen, og så til venstre langs «Nedre Stikkveg» over til Kvammsvegan att.

Kvammen:

Ca. 3 km.
Oppover Kvamsvegen som Åslirunda, men går heilt opp til Kvammen.

Åslikvolven:

3 km rundløype vestover frå Gapahuken i lett og ope terreng.

Blir køyrt når det er nok snø og sikker is. Denne løypa bles lett att.

Fjelløypa:

Ca. 17 km.

Løypa går fyrst opp til Kvammen og så til fjells. Vidare i lett fjellterreng nesten til Honnsjoen før løypa svingar sørvaustover att og ned til Åslikvolven.

Fjelløypa blir ikkje merka eller køyrd opp, og denne turen krev kunnskap om navigasjon og sikker ferdsel i høgfjellsterreng.
Ver obs på skredterreng ned frå Nørdre Storteppingje.
Vis omsyn til villrein om området.
Vi minner elles om fjellvettreglane.

Kart: Klikk her for kart over fjelløypa

Kjelde: Jon Sjurgard