ISHOCKEYGRUPPA
Det er juniortrening (8-16 år) på onsdagar frå kl 18. Seniortrening kl 19-21 på måndagar og torsdagar. Treningane fortset så lenge vi har is i Grov. For å delta på organisert trening må du vere medlem i Lom eller Skjåk idrettslag. Medlemmar tom. 12 år er forsikra gjennom Barneidrettsforsikringa. Utøvarar over 12 år må løyse lisens gjennom ishockeyforbundet si forsikringsordning (IF).
Endringar i treningstider og føreoppdatering blir publisert på facebooksida til hockeygruppa.
![](https://lomil.dalom.no/ishockey/wp-content/uploads/sites/2/2021/09/ishockey_organisert.jpg)