Offentlig bading i Utgard

Lom IL arrangerer offentleg bading i vinter, med oppstart torsdag 9.november. Vi forsøker å ha bading kvar veke framover, så langt vi nok badevakter. Det kan variere kva vekedag badinga blir lagt til. Dette for å tilpasse øktene etter når badevaktene våre har anledning til å stille. Følg med i tabellen under for å sjå kva dagar det blir bading. Vi deler badinga i tre aldersgrupper:

  1. 16:30-18:00, tom 1.klasse
  2. 18:00-19:30, 2-7.klasse
  3. 19:30-21:00, ungdom

Gratis inngang.

Barn under 10 år og/eller barn som ikkje er svømmedyktige må vere i følgje med vaksen.

Meld deg som badevakt!

Vi har få badevakter med godkjent livredningsprøve, desse er oppsett som vakter i kolonna til venstre i tabellen. I tillegg til ein godkjent badevakt, vil vi trenge badevaktassistentar som ikkje er påkrevd å ha livredningsprøve. Om du ynskjer å bidra som badevakt, med eller utan livredningsprøve, meld deg til [email protected]. Meld frå kva dag/dagar du kan vere badevakt, jamfør tabellen under. Vi manglar vakter der det er blanke felt.

Ta livredningsprøva

For å ha offentleg bading er det krav om å ha badevakter med godkjent livredningskurs. Vi har desverre svært få godkjente badevakter og er takknemlege for alle som vil ta livredningsprøve og bidra som frivillig badevakt for Lom IL. Livredningsprøva er gratis og blir avhelde i Skjåk. Om du ynskjer å ta livredningsprøva, meld deg til [email protected].

DatoBadevakt med livredningskursBadevaktassistent
Torsdag 22.02Manglar vakt Manglar vakt
Torsdag 01.03 Vinterferie. Ingen bading Vinterferie. Ingen bading
Torsdag 08.03 Manglar vakt Manglar vakt
Onsdag 15.03 Jeanette Schakenda Rune Andre Sveine
Torsdag 22.03 AVLYST grunna mangel på badevakter AVLYST grunna mangel på badevakter
Torsdag 05.04 Jeanette Schakenda Karina Mandal
Torsdag 12.04 Manglar vakt Manglar vakt
Torsdag 19.04 Karina Mandal Rune Andre Sveine