Lomseggen Upp
Løpet vart sist arrangert i 2023.
Motbakkeløpet frå Lom sentrum til Eggjapiken har vore eit flott arrangement i mange år, men har aldri kome igang att etter Korona-epidemien.
Kjenner du om nokon som kan dra i gang att Lomseggen Upp? Send ei melding på facebooksida!
Informasjon
Start i nasjonalparklandsbyen Lom eit steinkast frå Lom stavkyrkje . Det er 1154 høgdemeter til målet på toppen av Eggjapiken – 1531 m.o.h.
Klasser og regler
Trimklassene (med og utan tid) har fellesstart kl 10:00 og konkurranseklassene har fellesstart kl 11:00.
- Trimklasse utan tidtaking. Open for alle
- Trimklasse med tidtaking. Open for alle. Tider blir offentleggjort.
- Konkurranseklasser i begge kjønn for aldersgruppene: 13-15*, 16-19, 20-29, 30-39, 40-49, 50-59 og 60-99.
(*) Konkurranseklassa 13-15 er open for deltakarar ned til 11 år. 11- og 12-åringar som ynskjer å delta i konkurranseklassa, kan altså delta i 13-15-årsklassa på lik linje med dei andre i denne klassa.
Det er krav om at deltakarane i konkurranseklassa skal bere ryggsekk på minst 2,0 kg under løpet. Sekken bør innehalde varme klede! Det blir teke stikkprøver av vekt. Kravet om sekk er innført av sikkerheitsmessige årsaker.
Vi tilrår at barn som deltek i Lomseggen Upp (uansett klasse) har tilsyn av vaksne! Det er ei krevande løype i bratt og ulendt høgfjellsterreng, og det kan vere krevande vêrforhold i høgfjellet.
Pris og fristar
Ved påmelding før påmeldingsfristen onsdag 09. juni 2021 kl 23:59:
- Trimklasse under 13 år: 50,-
- Trimklasse f.o.m 13 år: 150,-
- Konkurranseklasse: 250,-
Alder går etter årskull, dvs blir rekna pr 31.12.2021.
Ved påmelding i trimklassa må ein velge klasse med eller utan tid.
Deretter etteranmelding på nett fram til fredag 11. juni kl 18:00 mot eit tillegg på kr 50,- i trimklassene og kr 100,- i konkurranseklassa. Vidare etteranmelding fram til start i sekretariatet.
Alle deltakarar må ha årslisens eller eingongslisens.
Påmeldinga er bindande og det er ingen refusjon av startkontingent og eingongslisens ved sjukdom eller skade.
Betaling
Ein kan betale på to måtar:
- Med kort (Visa/MasterCard/Bankaxess). Ved kortbetaling blir det lagt på 2,5% transaksjonsgebyr.
- Betale tilsendt faktura i nettbank. Hugs å betale til rett tid og hugs riktig KID. Dersom faktura ikkje blir betalt til rett tid, vil det bli utsendt purring og det påløpe eit purregebyr.
- Vipps
Ved påmelding blir det automatisk lagt til ein eingongslisens dersom du ikkje har heilårslisens. Eingongslisensen er kr 30,- for konkurranseklassa og trimklassa 13+. Dette er ein lisens som vart innført i 2014 på alle mosjonsløp med deltakarkontigent. Arrangøren betaler inn lisensen til Norges Friidrettsforbund for alle påmelde deltakarar. Barn under 13 år skal ikkje betale lisens for dei er automatisk forsikra gjennom idrettens barneforsikring. Meir informasjon om lisens her.
Trase
Trasè
Her er nokre nøkkeltal om Lomseggen Upp-trasèen:
Lomsseggen Upp – nøkkeltal | |
---|---|
Lengde | 4850 m |
Høgdeforskjell start-mål | 1154 m |
Start høgde | 377 m.o.h |
Mål høgde | 1531 m.o.h |
Gjennomsnittleg stigningsprosent | 25 % |
Maksimal stigningsprosent | 60 % |
Sjølve løypa er altså 4,85 km lang og har ei stigning på 1154m. Etter nokre hundre meter asfalt forbi skulen er det rimeleg rett på sak. Da går løypa opp gjennom bustadfeltet i Prestgardsskogen og deretter over på litt skogsbilveg. Så er det stig opp gjennom skogen til drikkestasjonen på 777 moh. Når den er passert kjem vi straks inn i Breheimen Nasjonalpark, og stigen vidare går via Fremste Lomseggen oppover eggen til Eggjapiken på 1531 m.o.h. Utsikta frå toppen er formidabel med fantastisk utsyn til Galdhøpiggen, Glittertind og resten av Jotunheimen. Mot nord ligg Skjåk og Reinheimen nasjonalpark, og mot aust skimtar ein Rondane i bakgrunnen.
Det er skilt med markering av høgde over havet for kvar 100 høgdemeter etter at ein kjem inn på stigen.
Desse passeringpunkta er markert både på kart og høgdeprofil:
Punkt | Namn | Høgde |
---|---|---|
A | Start | 377 m.o.h |
B | Drågje Botn | 407 m.o.h |
C | Drågje Topp | 483 m.o.h |
D | Skogsveg start | 505 m.o.h |
E | Sti start | 539 m.o.h |
F | Drikkestasjon | 777 m.o.h |
G | Fremste Lomseggen | 1279 m.o.h |
H | Mål | 1531 m.o.h |
Underlag og stigning
Her er oversikt over underlag og stigning i dei ulike delane av løypa:
Strekning | Namn | Horr.dist. | Underlag | Stigning (%) |
---|---|---|---|---|
A – B | Start – Drågje Botn | 550 | Asfalt | 5.5 |
B – C | Drågje | 462 | Grus / sti | 16,5 |
C – D | Drågje Topp – Skogsveg start | 130 | Asfalt | 6,9 |
D – E | Skogsveg start – Sti start | 305 | Skogsveg | 15,4 |
E – F | Sti start – Drikkestasjon | 739 | Sti | 32,2 |
F – G | Drikkestasjon – Fremste Lomseggen | 1148 | Sti | 43,7 |
G -H | Fremste Lomseggen – Mål | 1145 | Sti | 22,0 |
Resultat og statistikk
Deltakarar
Tabellen viser talet på startande deltakarar i trim- og konkurranseklasse under Lomseggen Upp sidan starten i 2015.
Dato | Tal på startande | Konkurranseklasse | Trimklasse |
---|---|---|---|
20.06.2015 | 102 | 44 | 58 |
18.06.2016 | 115 | 46 | 69 |
24.06.2017 | 78 | 27 | 51 |
16.06.2018 | 74 | 31 | 43 |
15.06.2019 | 68 | 37 | 31 |
13.06.2020 | – | – | – |
12.06.2021 |
Resultat, vinnartider og løyperkordar
Resultatlister frå dei førre arrangementa:
- 2020: Avlyst på grunn av COVID-19
- 2019: https://live.eqtiming.com/48330
- 2018: https://live.eqtiming.com/41429
- 2017: https://live.eqtiming.com/35052
- 2016: https://live.eqtiming.com/24828
Raskaste mann under Lomseggen Upp sidan starten:
År | Namn | Tid | Krav |
---|---|---|---|
2015 | Jon Osmoen Aukrust, Ren-Eng | 50:10 | Ingen |
2016 | Kilian Jornet, Måndalen IL | 48:03 | Sekk 2.0kg |
2017 | Rasmus Haugen, Hornindal IL | 52:28 | Sekk 2.0kg |
2018 | Kilian Jornet, Måndalen IL | 46:30 | Sekk 2.0kg |
2019 | Vegard Øie, Løten | 47:45 | Sekk 2.0kg |
Raskaste kvinne under Lomseggen Upp sidan starten:
År | Namn | Tid | Krav |
---|---|---|---|
2015 | Anita Evertsen Håkenstad, Øystre Slidre IL | 57:58 | Ingen |
2016 | Therese Sjursen, Bergen Løpeklubb | 56:36 | Sekk 2.0kg |
2017 | Johanna Lindholm, Lovisa Tor, Finland | 1:01:52 | Sekk 2.0kg |
2018 | Emelie Forsberg, Måndalen IL | 56:13 | Sekk 2.0kg |
2019 | Rebecca Immonen, Nastola, Finland | 1:00:38 | Sekk 2.0kg |
Gjeldande løyperekordar
Kjønn | Namn | Dato | Tid |
---|---|---|---|
Mann | Kilian Jornet, Måndalen IL | 16.06.2018 | 46:30 |
Kvinne | Emelie Forsberg, Måndalen IL | 16.06.2018 | 56:13 |
Informasjon til deltakarar 2021
Parkering/garderobe/dusj/sekretariat/startsted/løype
Sjå kartet under (klikk for større kart):
For å sjå heile løypa, klikk på Trasè.
Startnummer
I sekretariatet fredag frå 19:00 – 19:30 og laurdag frå kl 8:30
Garderobe/dusj
Det er garderobe og dusj i Utgard mellom 09 og 15. Inngang på baksida (frå Grov/fotballbanene).
Drikkestasjonar
Ein drikkestasjon under vegs etter ca 2,2 km (777 moh). Drikke ved målgang.
Sekk
Det er krav om minimum 2 kg sekk i konkurranseklassa. Det blir teke stikkprøver av vekt. I startområdet vil det vere vekter til låns. Sekken bør innehalde varme klede, (huve, vottar, tørre sokkar, vindtett jakke). Målområdet ligg på høgfjellet og er svært utsett for vêr og vind! Det er ikkje høve til å få transportert utstyr til mål.
Føre og snø
I konkurranseklassa er det krav om å følge merkinga heile vegen. Vi kjem attende med føremelding når løpet nærmar seg.
Viktige tidspunkt
Onsdag 09.6 kl 23:59: Ordinær påmeldingsfrist
Fredag 11.6 kl 18:00: Frist for etteranmelding på nett (tillegg 50.- i trimklassa og 100.- konkurranseklassa)
Fredag 11.6 kl 19:00-19:30 Startnummer kan hentast i sekretariatet
Laurdag 12.6 frå 08:30 Startnummer kan hentast i sekretariatet
10:00 Start trimklassa. Starten går presis!
11:00 Start konkurranseklassa. Starten går presis!
15:00 Premieutdeling.
Resultatservice
Det er live resultatservice på heimesida. Vi har mellomtider på ca 777 moh(ved drikkestasjonen) og 1050 moh.